Nettet
Der låg ho. Så uskyldig og fredlig som om ingenting hadde skjedd. ”Kvifor meg? Kva har eg gjort deg?” hadde ho skrike. Eg hadde ikkje svart ho, hadde ikkje behov for å kommunisere med eit så ynkeleg og nakent menneske. Det var berre kvalmande.
Men no skrik ho ikkje lenger. No er alt berre heilt stille, det einaste som lagar lyd er dei små bølgjene som slår mot bryggjekanten. Ho skrik ikkje lenger.
Eg er normal. Kvifor skulle eg ikkje vert det? Eg gjer jo som alle andre. Et frukost, søv i senga mi om kvelden, er presis til middag, gjer leksene mine, har venner, eller vertfall på Facebook. Ingen har nokon gong sagt at eg er unormal, at eg ikkje høyrer til blant vennene mine. Når eg spør ho mor om det er noko gale med meg, sett ho seg ned på hug og ser meg inn i augo og seiar ” Lille venn du er perfekt sånn som du er. Du er like normal som alle andre”. Men eg veit at hu ljug. Eller kanskje ho verkeleg trur eg er sånn som alle andre, at det berre er eg som ser at det er noko inni meg som ikkje stemmar.
Eg hatar nakenskap.
Eg har alltid likt onkel Vidar. Et meir mildare andlet skal enn leite lenge etter. Ein høg og mørk mann med stilige klede og gode ord i møte. Dame har han og. Og ho er eit vakkert menneske. Onkel Vidar var heldig med ho. Det raude lange håret som slyngar seg ned ryggen, dei mjuke rosa leppene som av og til sklir litt ifrå kvarandre, den smale midja som ein kvar jente kunne død for. Ho er så pen! Eg lurar på om ho veit?
Eg og onkel Vidar har ein hemmelegheit. Eg har lova han og ikkje fortelje det til nokon. Han seiar at eg er hans yndlingsjente. Det må vel ver sant og for han likar godt å ta på meg. Stryk meg over håret, held rundt magen min og lar den eine handa hans gli oppover låret mitt. Seiar samtidig at han likar meg så godt, at eg er berre hans litle jente. Han likte og å ta på meg under kleda, men det skjedde alltid på rommet hans utan at nokon viste om det. Dette var berre meg og onkel Vidars hemmelegheit.
Dette har pågått sida eg var lita jente, no er eg nokon år eldre. Nokon år eldre med kunnskap og erfaring. No veit eg kva han eigentleg gjorde. Eg hatar han for det, sjølv og eg elskar han på ein måte. Og berre tanken på at eit hanndyr tok på meg får gåsehuda til å fordele seg på ryggtavla mi. Det er no i det siste eg har skjønt kva det var som ikkje stemte inni meg. Eg likar ikkje gutar, det er jenter som er mi greie. Noko som gjer det veldig vanskeleg når onkel Vidar kjem på besøk for han har alltid med seg dama si. Heile meg består av blanda og ubestemte følelsar. Ho er så vakker, så deilig og eg vil berre la hendene mine vandre rundt på den nydelege figuren, men likevel hatar eg ho. Det er kunn eg som skal vere jenta til onkel Vidar. Det har eg alltid vert og det vil eg alltid vere. Ingen skal nokon gong få stå i vegen for det, men det gjer ho nå.
Ein gong tok eg henne og onkel Vidar i å liggje saman. Sjølv om det var opphissande å sjå og høyre på, var det noko mørkt inni meg som voksa fram. Noko som har ligge i dvale i mange år, men som no kom fram. Dette nydelege menneske hadde krenka meg på alle moglege måtar. Ho hadde tatt onkel Vidar frå meg og ho hadde fått han til å gjere det same mot henne, det som ein gong var vår hemmelegheit.
For nokre månar sida, då det var sommar og varmt, då såg eg ho ta kveldsbadet i vatnet ved skogkanten. Ho hadde sikkert vore ute på ein langtur, for idet eg kom til skogkanten var ho på veg opp. Eg såg små vanndropar rennande ned hoftene hennar idet ho gjekk opp frå vatnet. For eit syn! Eg gjekk nærmare, heilt bort til ho denne gongen. Ho smilte stort og helsa på meg. Eg misunn onkel Vidar. Ho fortal meg om kor herleg det var å bade på kveldstid og kor lang tur ho hadde vært på før ho tog handklede og begynte å tørke seg. Augo mine studerte nøye kor hendene hennar befann seg. Ho tok den eine handa for å tørke seg på innsida av låret. Eg mista all konsentrasjon og kjende raseriet byggje seg på. Tankane om soverommet til onkel Vidar dokka opp i hovudet mitt og eg såg han føre den eine handa si på innsida av låre hennar, føre den eine handa på innsida av låre mitt, det vennlege andletet hans, dei milde orda hans, ”Du er berre mi litle jente”.
Av angst og aggresjon snudde eg meg rundt og leita etter noko stort og hardt på bakken. Eg fekk auge på ein tjukk planke og tenkte at den ville duge aldeles utmerket. Eg snudde meg rundt igjen, gjekk bort til ho og slo til henne med planke så hardt eg berre kunne rett i tinningen. Lufta som forsvann frå lungene hennar lagde ein ekkel gurglelyd idet ho trefte bakken. Blod rann frå hovudet hennar no, ho låg berre der, med puls, men urørleg. Eg la ho på ryggen og satt meg oppå livet hennar. Satt der og studerte kor nydeleg ho var sjølv om ho hadde blod rennande frå hovudet. Eg la handa mi på innsida av låret hennar og lot den gli litt oppover, men ikkje heile vegen. ”Du hadde aldri latt meg gjere dette om du ikkje var bevisstlaus, min kjære rose”. Eg smilte litt for meg sjølv før eg lente meg fram og kyssa ho forsiktig på den no litt kalde og blå lippene. Eg reisa meg opp og ein tanke slo meg. Augo mine vandra litt rundt omkring på området før eg såg det eg leita etter. Eg gjekk bort og henta det. Då eg kom tilbake viste eg allereie at eg skulle vente til ho hadde vakna før eg skulle gjøre min siste del av arbeidet.
Saman med litt tau som eg også fant, bant eg saman nettet til ein pose som eg deretter knytta fast i bryggjekanten. Handa mi la seg rundt okla på ho og eg drog ho bort til nettet. Først kledde eg av ho det lite ho hadde på seg av badeklede, så la eg ho oppi nettet og knyta igjen. Der hang ho rett over vassflata i fleire minutt før ho vakna inni nette. Då det gjekk opp for henne kor ho var, kom skrika. Ho viste at eg ikkje ville hjelpe henne for eg sto berre der og sterra henne i augo. Lytta til desperasjonen i tonen hennar når ho bad om hjelp. Eg la meg ned på magen og lausna tauet som var bunde til bryggjekanten. Det skriket som kom frå munnen hennar forsvann idet ho forsvann under vann. Eg reiste meg opp og stod lenge slik og såg på boblene som kom opp til vassflata. Då alt var blitt så stille at det einaste som laga lyd var dei små bølgjene som traff bryggekanten, sa eg ”Eg hatar deg, men eg skal vere den einaste jenta di onkel Vidar”.
Aina Haga 1SF